Helsestasjonen for ungdom er eit tilbod for ungdom mellom 13 og 21 år. Her kan ungdomar få hjelp til alt som har med kropp og helse å gjere, seier lege Birgitte Øvrelid.

Helsesøster Wenche Gjerde Sætre seier at det er mange ulike grunnar til å ungdom oppsøkjer helsestasjonen.

Tidlegare har Helsestasjonen for ungdom følgt skuleruta og hatt stengt i sommarferien, men i år vil dei ha ope heile sommaren, ein time kvar tysdag. Dei er glade for at dei kan gje ungdom dette tilbodet.

Lågterskeltilbod

På Helsestasjonen for ungdom slepp ungdomane å bestille seg time, det er berre å dukke opp. Dessutan er det gratis. Både lege og helsesøster er til stades.

I Ungdata-undersøkinga i fjor kom det fram at det er ein del unge jenter som slit med psykisk helse. Sætre og Øvrelid seier at psykiatri er eit satsingsområde, difor har dei også no fått litt ekstra midlar til det. Helsestasjonen gjennomfører samtalar med ein del av desse unge jentene. Når dei får samtaleoppfølging er det godt dei slepp å vente to månader til neste gong.

Det kan vere ulike grunnar til at unge menneske ønskjer nokon å snakke med. Kanskje kom dei ikkje inn på skulen dei ønskte? Eller dei kan kjenne seg rådville av andre grunnar. Uansett stiller Helsestasjonen opp.

Treng ungdomane hjelp som Helsestasjonen gje dei, viser dei ungdomane vidare.

Prevensjon

– Det som er mest aktuelt no på sommaren er prevensjon, sex eller samtaleoppfølging, seier Øvrelid.

Den største gruppa som kontaktar Helsestasjonen for ungdom er ungdomar som ønskjer prevensjon.

– Lett tilgang på prevensjon er veldig viktig, slår lege Øvrelid fast.

Det seier helsesøster Sætre seg samd i. God tilgang på prevensjon gjer at aborttala går ned.

Populært tilbod

Helsestasjon for ungdom er eit populært tilbod, men dei har kapasitet til fleire. Etter helsesøstertilbodet på Ulstein vgs. vart utvida har det kome færre til Helsestasjonen, men no i ferien må ungdomane kome til Helsestasjonen på Reiten.