I høve Brannvernveka gjorde TNS Gallup ei undersøking for If Skadeforsikring, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Norsk Brannvernforening. Det er resultatet av denne undersøkinga som viser den urovekkande tendensen.

- At det kan begynne å brenne heime der vi bur, på verdas tryggaste stad, er ein så skremmande tanke at vi helst skyv den frå oss. Men faktum er at vi kan gjere det langt tryggare for oss sjølv med enkle tiltak som å sjekke røykvarslaren, passe på at sløkkjeutstyret er i orden, og sørgje for å ha ein god plan for kva vi skal gjere om det skulle begynne å brenne, seier Morten Thorsrud, konserndirektør i If Skadeforsikring.

I brannvernundersøkinga svarar 13 prosent at familien har avtalt fast møtestad utandørs i tilfelle brann. Ti prosent svarar at familien har snakka om kva ein skal gjere, og fem prosent at dei sjølv har ein plan i sitt eige hovud. 54 prosent innrømmer at dei ikkje har tenkt noko særleg over kva dei skal gjere ved brann.

- Det viser at vi berre må fortsette å informere om kor viktig det er å ha brannøving heime. Noko av det beste med å øve er at ein umogeleg kan bomme. Anten konstaterer ein at ting fungerer, eller så finn ein noko å rette på. Begge deler er verdifullt, seier Thorsrud.

Brannvernveke

Midt i september er det brannvernveke over heile landet. Nærare 350 brannstasjonar inviterer til open dag med nyttig kunnskap, demonstrasjonar og utdeling av brannhjelmar til borna laurdag 19. september. I tillegg deltek over 600.000 nordmenn i det som truleg kan kallast verdas største brannøving. Skular, barnehagar, bedrifter, institusjonar og andre verksemder skal i sving og trene på brannrutinane. Også familiar kan melde seg på via www.brannvernuka.no og bli med i massemønstringa.

Oversikt over andre brannstasjonar som deltek, fins på nettstaden www.brannvernuka.no − både i form av eit interaktivt kart og i fylkesvise lister. Her fins også live-oversikter over alle som deltek i Nasjonal brannøving. Listene er sortert per verksemdstype og fylke/kommune, slik at det er enkelt å finne lokale deltakarar.

Gode råd om kva ei brannøving i heimen bør innehalde

- Heile familien bør vere førebudd på kva ein skal gjere i tilfelle brann. Sett dykk ned og lag ein plan i fellesskap.

- Avtal ein møtestad utanfor bustaden. Dette er viktig for at de skal ha full oversikt over at alle har kome seg i tryggleik.

- Test alternative rømmingsvegar som for eksempel brannstigar og liknande, slik at de veit at dei fungerer og kan brukast av alle.

- Test alle røykvarslarar med testknappen. Sjekk at brannsløkkjeutstyret er lett tilgjengeleg og klart til bruk.

- Evaluer øvinga etter gjennomføring. Oppdagar de at ting ikkje fungerer som tenkt, er det viktig å justere planen og rette eventuelle feil.