(NPK-NTB-Reuters): IT-giganten Google har oppdatert vilkåra sine og tydeleggjort at selskapet analyserer innhaldet i e-postane til gmail-brukarar.

Formålet er å skreddarsy reklame til kvar enkelt brukar. Teksten i sendte og mottekne e-postar vert analysert automatisk ved hjelp av eit dataprogram.

Praksisen har ført til at Google er blitt saksøkt for ikkje å vareta personvernet til fleire hundre millionar menneske. Vilkåra som gmail-brukarane må godta, blei oppdatert måndag.