Den milde vinteren og varme våren fører til problem for dei 1 million pollenallergikarane i landet. Sesongen i år blir lang og intens, seier Astma- og allergiforbundet.

– Det er venta ein intens og lang pollensesong med høge konsentrasjonar som kjem raskt. Fleire som ikkje er allergikarar frå før, risikerer å bli det, seier kommunikasjonssjef Bo Gleditsch til NTB.

Han fortel at det tidlegare var vanleg at barn fekk pollenallergi, men at det no har vorte mykje meir vanleg at godt vaksne menneske plutseleg blir allergikarar.

– Fleire ting

Det kjem av fleire ting, seier han, og trekkjer fram luftforureining, dårleg inneklima, kjemikaliar og intense pollensesongar som årsaker.

– Det blir ein tøff vår og sommar for allergikarar, seier han.

Gleditsch seier det er forholdsreglar ein kan ta no som pollensesongen er i full gong.

– Gå til legen for å få ein diagnose. Altfor mange får aldri det, men brukar i staden medisinen til ektefellen. Dersom ein blir rett medisinert slepp ein mange av symptoma. Ubehandla allergi kan også gje astma på sikt, åtvarar han.

– Kroppen feiltolkar

Han tilrår også at ein unngår å tørke klede og sengetøy utandørs og at allergikarar brukar solbriller når spreiinga er som verst.

Gleditsch seier at pollen i utgangspunktet er ufarleg, men at kroppen feiltolkar og utløyser histaminar.

– Kroppen feiltolkar pollen som noko farleg og set i gang eit forsvar. Det er det som er symptoma, forklarar Gleditsch.

Difor er det viktig å ta medisinane tidleg så kroppen er best mogleg rusta til å stå imot symptoma.

– Det er mange som kjem ned frå påskefjellet og får seg ein knyttneve, seier Gleditsch.