Stort sett harmlause hogg

Det ser ut til å vere unormalt mykje hoggorm på Hareidlandet i år, men bitta er sjeldan farlege. 
Foto: Zden?k Fric/Wikimedia Commons
Det ser ut til å vere unormalt mykje hoggorm på Hareidlandet i år, men bitta er sjeldan farlege. Foto: Zden?k Fric/Wikimedia Commons

Det er observert meir hoggorm enn vanleg på Hareidlandet i år, og legekontoret har ikkje motgift. Likevel er det oftast ikkje farleg å bli biten.

Sondre Åkervik
Mobil: 47897360
Publisert: 23.07.2011 kl. 07:01
Endret: 28.07.2011 kl. 14:54

Sommaren er gjerne tida for å ferdast i skog og mark. Då er det også ei reell fare for å møte på hoggorm. Luis Fonseca opplyser til Vikebladet Vestposten at han har sett over ein handfull hoggorm på desse kantar i år.

– Det verkar å vere særleg mykje hoggorm i år. Tidlegare har eg aldri sett meir enn to hoggorm på eitt år, seier Fonseca.

Han fortel at han tidlegare i sommar møtte ei mor og ei dotter i fjellet der sistnemnde hadde blitt bite av hoggorm.

– Dottera vart først sendt til legekontoret og deretter vidaresend til sjukehuset i Volda. Ho fekk her beskjed om at dei ikkje hadde motgift mot hoggorm. Eg veit ikkje om ho fekk motgift til slutt eller ikkje, seier Fonseca.

– Ingen motgift

Kommuneoverlege i Hareid og Ulstein, Ottar Grimstad, fortel at det i dei fleste tilfelle sjeldan er nødvendig med motgift mot hoggormbit.

– Legekontoret har ingen direkte motgift mot hoggorm. Den finnast berre på sjukehus, og må bli gitt intravenøst. Dette gjeld likevel berre for dei alvorleg sjuke. Dei fleste har berre lokale og ufarlege symptom, seier Grimstad.

Kommuneoverlegen fortel at det er svært sjeldan folk kjem inn døra med hoggormbit. Sjølv har han aldri behandla eit hoggormbit i sine år som lege.

– Sjeldan farleg

Sjukehuset i Volda stadfestar Fonseca sine påstandar om at dei ikkje har motgift for hoggormbitt.

– Det er heller ikkje vanleg å bruke motgift opp mot hoggormbit. I utgangspunktet er det ikkje farleg, men så vidt eg veit er det ingen sjukehus i heile landet som har ei direkte motgift mot hoggorm, seier Tom Hamre, vakthavande lege ved sjukehuset i Volda, til Vikebladet Vestposten.

– Så lenge ein ikkje blir bite i hovud eller hals er det sjeldan farleg. Små barn og eldre må likevel passe seg meir enn andre, seier Hamre, som legg til at det for desse gruppene då blir gitt ein generell medisin for å dempe betennelsen.

Nyttige tips ved hoggormbitt

Kommuneoverlege Ottar Grimstad har følgjande råd dersom du skulle få eit ublidt møte med hoggormen.

– Ta det med ro, ikkje anstreng deg, og hald beinet høgt. Ein bør ikkje prøve å suge ut gifta som tidlegare antatt. La legen vurdere kva som skal gjerast, seier den avtroppande kommuneoverlegen.

Også Helsedirektoratet gir på sine nettsider nyttige tips når ein ferdast i terrenget.

– Ved vandring i skog og mark kan det vere greitt å ha skikkeleg skotøy og eventuelt langbukse. Ikkje "plukk" opp hoggorm, la den vere i fred. Å trampe litt i bakken eller gå tungt i marka kan skremme ormen frå å kome i vegen for deg, skriv dei på si nettside.

- Dei fleste får berre lokale og ufarlege symptom av hoggormbitt, sier kommuneoverlege Ottar Grimstad Foto: Anne Gry Eilertsen

På forsiden nå

Vi følgjer 17. mai der du bur

Vikebladet Vestposten vil vere rundt om i alle bygdene i Hareid og Ulstein på 17. mai. Les meir

Roleg natt til 17. mai

Berre ei melding om promillekøyring har kome inn natt til 17. mai. Les meir

Motorsyklist køyrde av vegen på Skeide

Vart frakta med luftambulanse til Ålesund sjukehus. Les meir

Hødd - Ullensaker/Kisa i bilde

Sjå bilde frå kampen mellom Hødd og Ullensaker/Kisa på Høddvoll 16. mai. Les meir