Kunsten som vert utstilt på Fantekunst er visuell, og har med mange kunstformer og sjangrar. Dei skal blant anna vise ein installasjon av lys, lyd, video og streetart. I tillegg vil du få sjå oljemaleri, teikningar, grafikk, og typisk street art av dei internasjonale kunstnarane JPS og Fawn. Engelskmannen JPS kjem i tillegg til å vere der under opninga av Fantekunst.

- Fokuset for Fantekunst er å vise varierte kunstformer, og å gi unge folk ein arena der dei kan vise arbeidet sitt. Særleg dei som driv med kunstartar som er på sida av den allmenne oppfatninga av kva kunst er, fortel Fantehuset sin kunstansvarlig, Cecilie Hole.

Lokale kunstnarar

Cecilie Hole fortel at det lenge har vore eit miljø rundt Fantehuset med folk som driv med visuell kunst, lydkunst, musikk og liknande kunstformer. Fantekunst vart arrangert for fyrste gong i 2014 for å vise fram desse kunstnarane. Dei starta Fantekunst for å tilføre huset meir kultur og andre kunstformer. Samtidig hadde dei pussa opp Fantehuset, og ville invitere til eit familievennleg arrangement for å vise fram det «nye» Fantehuset, dei lokale kunstnarane og Fantehuset som ein organisasjon. Fantehuset fekk mange gode tilbakemeldingar etter utstillinga, og bestemte seg for å gjere det til ein årlig event.

- Eg ser fram til årets Fantekunst fordi no har vi hatt enda betre tid til å planlegge. I tillegg har vi opparbeida ein viss kompetanse innan gatekunst, slik at vi kan stille ut eit ganske solid utval av kunst, fortel styreleiar Elias Johan Liavaag.

Kunstoppleving

Hole brenn for grafitti og street art, og meiner det er viktig at «kidsa» på bygda skal få oppleve den typen kunst. I fyrste omgong er det Hareid Ungdomsskule som har vorte invitert på omvising og kunstformidling. Ho meiner at med dei rette spørsmåla kan ein skape diskusjon og refleksjon rundt tema som kunsten kastar lys på. Ungdomskuleelevane har ikkje delteke i sjølve prosjektet, men nokre av dei deltok på ein gratis workshop i samarbeid med engelske JPS og Fawn. Workshopen var det Liavaag og Kristine Hareide som planla.

- Personleg er eg skikkelig stolt av prosjektet. Det har vore mykje positiv og negativ merksemd knytt til dei siste prosjekta våre. Eg meiner at Fantehuset gong på gong klarer å snu det negative til noko bra. Til dømes då ein anonym mann hadde dikta om kor grusom grafittien på Fantehuset var, greidde «gutta» på Fantehuset å snu det til noko positivt og spelte inn song som svar på tiltale, fortel Hole.

Ny oppleving

Fantekunst er ei kreativ og mangfaldig utstilling i samarbeid med både lokale og internasjonale kunstnarar. Den viser andre kunstformer og kultur enn det vi opplever elles. Det er eit event som er interessant for folk i alle aldrar, og du burde absolutt sjekke det ut!