Museet blir rekna for å vere eit av dei viktigaste museum/galleri i Europa.

Tore Hanssen Grimstad frå Hareid var for fire år sidan arkitektstudent då han saman med to medstudentar reiste til Senegal for å byggje eit ungdomshus dei hadde teikna.

Våren 2014 var han ferdig utdanna arkitekt, og jobbar no hos Arcasa Arkitekter i Oslo. I januar fekk han e-post frå Louisiana Museum om at dei gjerne ville stille ut Senegalprosjektet deira i utstillinga AFRIKA.

– Vi vart kjempebegeistra, og sa sjølvsagt ja. At dei valde vårt prosjekt til å representere ny arkitektur på det store kontinentet Afrika, synest vi var stas, kommenterer Hanssen Grimstad.

Louisiana har også fått laga ei bok til denne utstillinga, og ungdomshuset i Senegal har fått to sider med bilete og tekst i boka.Utstillinga opna i juni i år, og skal stå ut oktober i år.

Huset i Senegal blir brukt som ungdomshus, og Hanssen Grimstad fortel at dei nyst har gjennomført sin første festival i landsbyen, med mange ulike artistar frå området. Til dagleg blir bygget brukt som undervisningsstad, og der er både bibliotek, danserom og seminarrom.

– Huset har blitt ein møteplass for landsbyen, noko som dei mangla tidlegare, fortel Tore Hanssen Grimstad.

Det publikum får sjå på Louisiana er plansjar, med video, bilete og tekstar som presenterer prosjektet i Senegal.

<strong>I Senegal:</strong> Huset som Tore Hanssen Grimstad var med på å teikne og byggje i Senegal, blir i dag brukt til ungdomshus.