Snart 75 år gamle Norvald Yri er oppvaksen i Snipsøyrdalen på Hareid. Han er utdanna teolog og har tatt doktorgrad på misjonsteologi. Han har skrive ei rekke bøker, og vore ansvarleg for ei rekke Bibel-utgåver. Blant anna «Bibelen - Guds Ord» på bokmål. Den siste omsetjinga hans er «Det nye testamentet - med Salmane», på nynorsk. Utgjevar er Bibel-Forlaget.

- Eg har brukt ein nynorsk som er lett å forstå. Etter mange års bibelarbeid er eg oppteken av at unge folk ikkje skal bli «stucked» når dei les Bibelen. Litt ubeskjedent kan eg seie at eg samanliknar meg med Martin Luther.

Då han omsette Bibelen til tysk brukte han eit språk som Hans og Grete kunne forstå. Omsetjinga har skjedd frå gresk og hebraisk, men sjølv om Norvald er oppteken av å skrive på eit lettforståeleg språk, går han ikkje på akkord med innhaldet. Blant anna at Jesus er fødd av jomfru Maria.

- Vi skal ikkje underslå det underfulle. Jesus Kristus er ikkje eit vanleg menneske, slår han fast.

At Norvald Yri no er talar om bord i «Elieser 6» er inga tilfeldigheit. Far hans, Karl Yri, var dekksgut på «Brann 3» og nær venn med skipper Bjørn Brubakk. Då Norvald var konfirmert fekk han tilbod om å vere dekksgut på «Elieser 4». Og sjølv om det har runne mykje vant i sjøen sidan den gong, har Norvald halde kontakten med Den indre Sjømannsmisjon.

- I fjor fekk kona mi Anna og eg tilbod om å vere om bord i Elieser 6 i Lofoten i ti dagar. Anna forkynte og eg tala. Og då vi fekk spørsmålet om å tale og forkynne i Fosnavåg, var vi ikkje i tvil om å seie ja. Norvald fortel at det har vore godt med folk om bord, og han synest det er kjekt at kjenningar både frå Ulsteinvik, Hareid, Bigset og Hjørungavåg har dukka opp.

- Eg trur Elieser 6 har ei stor betydning for mange. Når båten ligg i fiskeværa har det dukka opp mange staute mannfolk i tresko som vil ha forbøn.

Både laurdag og søndag blir det møte om bord i Eliser 6 i Fosnavåg. Deretter set båten kursen mot Henningsvær, der mange fiskarar på torskefiske kjem til å stikke innom. Men då reiser Norvald og Anna Yri til Tanzania og prosjekta dei har der.

<strong>Dekksgut:</strong> Far til Norvald, Karl Yri starta som dekkgut om bord i Brann 3. Norvald vart dekksgut som 15 åring.