Underskriftslistene vart overlevert ordførar Anders Riise fredag føremiddag.Visjonen er at Hareid sentrum – for trivselen sin del - må ha eit slikt naturområde mot sjøen. Wagland og Haddal Bjåstad ser for seg at det blir bygt ein steinmur og at stranda kan bli reinsa og utstyrt med benkar, bålplass og ting som kan gjere plassen til ein stad å vere på varme sommardagar. Dei ser for seg at tillaginga ikkje treng å vere dyr og at mykje kan gjerast på dugnad.

- Kloakken må bort

I diskusjonen med ordføraren vart dei to kloakkleidningane som går i området eit tema. Desse er kommunen pålagd å ordne opp i samtidig som dei bygger eit reinseanlegg. Om dette reinseanlegget kan plasserast ein annan stad enn i dette strandområdet, kan vere eit spørsmål om både vilje og økonomi.

Sara Wagland og Merete Haddal Bjåstad er klare på at dei røra som slepper ut kloakk og gjer stranda ekkel, må bort.

- Hareid kommune kan bruke Naturmangfaldlova og vedta ei freding, meiner dei.

Vil fylle ut heile vika

At saka er høgaktuell i desse dagar har samanheng med at Ulmatec-planane blir fremja i formannskapet komande måndag i form av ein søknad om oppstart av planarbeid for området. Ulmatec vil fylle ut området og knyte heile anlegget sitt til søre molofeste. Samtidig vil dei bygge nye kai-pirar som kan skjerme båtane som ligg der mot sjødrag frå nord og aust. Sporstøl Arkitekter har alt laga skisser til det dei omtalar som eit «plan-initiativ».

Tilrådinga frå rådmannen er positiv i og med at dei framlagde planane er i samsvar med gjeldande kommuneplan frå 2012.

Til dette kommenterer Sara Wagland og Merete Haddal Bjåstad at det i kommuneplanen av 2007 var nedfelt nokre ord om å ta vare på fjøresanden slik han ligg. Men ved rulleringa av kommuneplanen i 2012 fall dette ut, utan at det vart teke opp som ei eiga sak.

Dei to ser elles inga motsetning i å ha både næringsliv og naturområde i sentrum.

Reguleringssaka skal opp i Hareid formannskap komande måndag.