Ein mann i 30-åra i Ulstein vart onsdag ettermiddag teken av politiet for å ha tileigna seg post, opna posten og kasta han frå seg.

I tillegg er same person teken for å ha stole verktøy og ein sykkel.

Sykkelen vart forsøkt seld på nettet. Fornærma og politi sette i gang etterforsking, som resulterte i at gjerningsmannen vart teken.

Han erkjente forholda.