Etter kommunestyremøtet i Ulstein gav rådmann Einar Vik Arset forsamlinga ei kort innføring om framlegget til neste års budsjett.

Han opne med å seie at han har nok grubla meir denne gongen enn på lenge. Ulstein kommune vil ikkje få like gode inntekter som dei har fått siste åra. Han har budsjettert nøkternt, og lagt forventa inntekt til kommunen til landsgjennomsnittet.

Då rådmannen føreslo eigedomsskatt for politikarane i fjor, gjekk dei ikkje med på det. I staden budsjetterte dei optimistisk med at kommunen skulle få veksttilskot, men veksta spakna og pengane kom ikkje.

Difor føreslår rådmannen for fjerde år på rad å innføre eigedomsskatt i Ulstein kommune.

Kommunen har siste åra investering mykje, no meiner Arset det er på tide å byggje opp likviditetsreservar sidan den store investeringsbølgja er over for denne gong.

– Utan dette grepet vert det skrint framover, varslar han.

Han legg samstundes opp til vidare vekst i kommunen med å leggje til rette for nybygging i grendene.