Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive om satsinga til Kaston International AS, med Brian Takeda i spissen.

Les også: Satsar på kråkebollar

Frå 24. til 27. november samlast potensielle investorar, kommersielle partnarar, forskarar og fiskeri-ekspertar frå heile verda i Japan for å sjå på resultata av eit norsk-japansk forskingsprosjekt. Fiskeriminister Elisabeth Aspaker representerer den norske regjeringa under besøket. I løpet av tre dagar får dei besøkande innsyn i korleis banebrytande norsk havbruksteknologi bidreg til å forbetre globale kystnære økosystem, samstundes som ein tilfredsstiller verdas mest kresne ganar, og deira appetitt på kråkebollerogn.

Fosnavåg-baserte Kaston International AS står bak arrangementet i Japan, som inkluderar eit to dagar langt besøk ved selskapet sitt pilotanlegg for oppdrett av kråkebollar i Minami Sanriku. Kaston eig rettigheitene til teknologien, som i korte trekk dreiar seg om effektiv fôring av villfanga kråkebollar. Kråkebollerogn, eller gonader, er mellom verdas mest luksuriøse slag sjømat, men ville bestandar av kråkebollar et opp tareskogen langs store deler av verdas kystområder. Tareskogane er blant dei mest produktive økosystema på heile kloden, og er av stor betydning for mangfaldet i havet.

Vil eksportere teknologien

Brian Tsuyoshi Takeda, leiar for Kaston International AS, fortel at prosjektet har resultert i ein nyskapande og effektiv måte å drive berekraftig oppdrett som reduserar dei negative effektane av kråkebollar, og at de no står ovanfor ei kommersialiserings- og vekstfase.

- Vår langsiktige ambisjon er å eksportere denne teknologien frå Norge til område rundt om i verda som slit med kråkebollane si overbeiting av tareskog, seier han.

- Vi har invitert med oss potensielle kommersielle partnarar og investorar som kan tenkje seg å vere med oss på reiss videre, og både europeiske og asiatiske multinasjonale selskap har takka ja til å delta på dette arrangementet, seier Takeda.

Utsalspris på over tusen for kiloen

Under besøket i Minami Sanriku får delegasjonen demonstrert korleis teknologien snur om kråkebollane si overbeiting av tareskogen, som er eit globalt økologisk problem, til kontroll over bestanden og produksjon av kråkebollerogn til ein utsalspris til meir enn tusen kroner per kilo.

I første omgang planlegg Kaston å hente inn kapital tilsvarande 1.500.000 Euro (14 millionar kroner) frå eksterne investorar, for så å vidareutvikle konseptet globalt. Selskapet forventar å ha gjennomført kapitalinnhentinga i løpet av første kvartal 2016.

Kråkebollar avla fram med sunnmørsk teknologi slår an i Japan. Foto: Kaston.