– Vi gler oss til å ta i mot kundane, og vi har mykje forskjellig og spanande å tilby, fortel dagleg leiar Saeed Ali, til Vikebladet Vestposten.

Vegg i vegg med Napoli pizzeria har det no opna ein ny butikk med asiatiske matvarer, Ulstein Asiamatbutikk.

Den skal drivast av nemnde Ali, som frå før av driv pizzarestauranten i nabolokalet.

– Lokalet stod tomt og ubrukt, og blei eigentleg ikkje nytta til noko spesielt. Då tenkte vi at vi kunne starte asiamatbutikk, og no er butikken endeleg open, seier Ali.

Mykje spanande

Saaed Ali fortel at ein kan finne alt ifrå glasnudlar til eksotiske frukter og grønsaker i butikken hans, og det er mat frå mange ulike asiatiske land, som til dømes Thailand, Iran og Irak. Alt av matvarer og anna i butikken blir importert via Oslo.

– Det er via kjende og trygge importørar i Oslo vi får tak i varene. Er det noko kundane våre føler dei ikkje finn, så har vi ikkje heller vanskeleg for å bestille det, seier Ali.

Dagleg leiar Saeed Ali tek i mot lokalavisa i sin nystarta butikk, Ulstein Asiamatbutikk. Her kan ein finne mange sortar asiatisk mat, frå land som Thailand og Iran. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.