Ulstein er spent på korleis denne kommisjonen ser på offentleg sektor sitt forbetringspotensial. Gjennom sin andre rapport skal produktivitetskommisjonen anbefale tiltak for å oppnå høgare produktivitetsvekst i Norge etter mange slakke år. Det skriv Dagens Næringsliv.

Tore Ulstein meiner råda for å få norsk produktivitetsvekst opp er særs viktige.

- Dei er svært viktige for å unngå velferdsfella. Lågare produktivitet gir behov for auka skattar for å oppretthalde velferden. Det kan igjen gi mindre verdiskaping, og ein negativ spiral, seier Ulstein til Dagens Næringsliv.

- Formuesskatten må vekk

Av offentlege tiltak Ulstein trekk fram er mellom anna ferjefri E39.

- Vi er spesielt opptekne av å styrke samferdsel og infrastruktur. Sjå for eksempel på prosjektet for ferjefri E39 rundt kysten av Søre-Norge. Å knyte ein slik kystveg saman vil bety mykje for mange.

Også til Dagens Næringsliv er Tore Ulstein klar på kva som må gjerast med formuesskatten.

- Formuesskatten på arbeidande kapital må vekk. Det forslaget som no ligg frå Alliansen for privat eigarskap burde gi eit godt grunnlag for eit kompromiss i forhandlingane som no pågår på Stortinget. Eigarane treng å behalde meir av pengane for å utvikle eiga bedrift. Å tappe bedrifter for å betale utbytteskatt og deretter formuesskatt gjer det vanskelegare å gjere omstillingar og å vere berekraftig i det lange løpet, seier Ulstein til Dagens Næringsliv.