Politiet på Sunnmøre melder søndag kveld at ein bilførar har køyrt av vegen på Hareid. Det skal ikkje vere snakk om personskade.

Føraren er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand. Politiet gjorde også beslag av mindre mengder narkotika då dei undersøkte køyretøyet. Førarkortet til sjåføren blei beslaglagd.