Warholm leverte eit godt løp og klokka inn på tida 50.05, fire tidel bak sin eigen norgesrekord.

Dette var det siste løpet før Karsten skal i aksjon på langhekken under EM i Amsterdam. EM blir siste sjanse til å greie OL-kravet. Dersom han ikkje skulle greie kravet, vil der likevel vere ein sjanse for at den talentfulle «dimnakorren» kjem med på den nasjonale kvota.

Thorkildsen meiner Karsten skal til OL

Det internasjonale kravet på 400-meter hekk er 49.40 medan Norges Friidrettsforund har sett kravet på tida 49.30. Etter Bislett Games var Andreas Thorkildsen klar på at Karsten må til OL dersom han greier det internasjonale OL-kravet.