Janne Bjune i NMS fortel at vandringa startar med gudsteneste i Hareid kyrkje. Der vert dei velsigna og vert utsendt som pilegrimar. Der i frå går dei til Ulstein kyrkje via Rotary-stien og fram gjennom Hareidsdalen. Dei har pauser undervegs og ventar å nytte om lag fem timar på turen. Framme i

Ulstein kyrkje får dei kaffi og bollar. Der vert det ettermiddagsbøn, før dei tek båt til Kjeldsund.

På Kjeldsund får dei høyre meir om Kjeldsund si historie og der vert det òg Misjonsglimt. Dette er ei historie om korleis NMS har vore med på å gi eit menneskje eit verdig liv og eit varig liv. Dei tilbring natta der, og reiser vidare til Sandsøya dagen etterpå. Der skal dei òg vandre og ha tidebøn i kyrkja der. Dei tek båt frå Sandshamn og til Åheim.

Den tredje dagen reiser dei til Leikanger og vandrar til Olavskrossen. Dei skal gå over Dragseidet  til Selje. Søndag er fjerde og siste dag under vandringa. Dei reiser då frå Selje til den historiske øya Selja. Der skal dei delta på Seljumannamessa. Der samlar dei og andre frå heile landet seg for vere i lag og delta på gudsteneste.

Møte med Gud gjennom vandring

Bjune fortel at dette er tredje året dei har ei slik pilgrimsvandring. Fokuset er på pilegrim og misjon  Ho seier at det både er ei indre og ytre reise ; ei reise innover, oppover og utover.

- Vi vandrar i lag i naturen, men i tillegg er den enkelt på ei reise med Gud, seier ho.

Grunnen til at folk vil vere med på pilegrimsvandringa trur ho er samansatt av eit ynskje om å oppleve og ein lengsel etter ro. Gjennom vandringa søkjer dei stillheit og eit møte med Gud gjennom dei eldgamle tidebønene,  gjennom naturen og skaparverket. Under vandringa har dei periodisk stillheit for å sjå etter spor av Gud. I tillegg fylgjer dei tidebøntradisjonen og har faste bønetider undervegs.

Stoppa innom kyrkjene er viktige, då pilegrimane alltid var innom Guds hus på vandringane sine. Ofte gjekk pilgrimmane i Europa i vekesvis i fjella. Bjune fortel at pilgrimmane her i frå som regel reiste langs kysten og nytta båt mykje. Dette er grunnen til at dei har laga opplegget som det er – for å reise som pilgrimmane frå våre områder.

- Noko av det viktigaste med ei slik vandring er å kome vekk frå jaget. Ein får ein tur fylt av ro og enkelheit saman med Gud og kvarandre, forklarar ho.