Karsten Warholm imponerte alle då han vann sitt forsøksheat på 400 meter hekk under OL i Rio de Janeiro. Også i semifinalen gjorde Warholm det bra, og han var ikkje langt unna å ta seg til finalen i sitt første OL.

I etterkant av leikane har TV2 sin ekspertkommentator Johan Kaggestad vurdert dei norske prestasjonane i Rio, og Warholm er ein av dei som får skryt frå den erfarne kommentatoren.

- Meget bra av Karsten! Ein sterk prestasjon. 20-åringen er den som er nærast verdseliten for augneblinken, vurderer Kaggestad.

Han gir Warholm terningskast fem av seks for prestasjonane. Einaste som får full pott av Kaggestad er brytaren Stig André Berge, som tok bronse.