I desse dagar er det 100 år sidan Peter S. Brandal kom attende til Brandal med 300 tonn kol frå Svalbard med skutene «Signalhorn» og «Polaris». Første lasten frå det som seinare skulle verte Kings Bay Kull Comp. AS i Ny-Ålesund. Ishavsmuseet markerer 100-årsjubileet ved å reise statue av selfangstpioneren og industribyggaren Peter S. Brandal.

Brandal City

14. august 1916 annekterte han land i Kongsfjorden på Svalbard. Dei kom attende i byrjinga av september, og Peter S. Brandal kjøpte no rettane til kolfeltet i Kongsfjorden for 250.000,-. Rettane vart overført til Brandal den 23. september 1916 og han grunnla då Brandal City.

Longyearbyen er naturlegvis mest kjent på Svalbard. Longyear kalla opp byen der etter seg sjølv, og då kunne heller ikkje Peter S. Brandal vere dårlegare på det, og det vart Brandal City.

Seinare vart desse rettane for koldrift overført til eit interesseselskap med Peter S. Brandal, Trygve Klausen, Michael Knutsen og Trygve Jervell som den 14. desember 1916 saman danna aksjeselskapet Kings Bay Kul Comp. A/S.

Dette var under første verdskrig og mangelen på kol var stor. Peter S. Brandal hadde stor trong for kol til sin store og veksande flåte av ishavsskuter, og kol var den viktigaste energikjelda på denne tida. Men kanskje må ein også sjå litt vidare på det.

I første del av 1920-talet måtte Brandal sjå at byen hans skifta namn til Ny-Ålesund. Truleg var det kapitalen i Ålesund som ville det slik.

Selfangstpioneren

Men det er først og fremst selfangst Peter S. Brandal er kjent for. Alt i 1898 prøvde han seg på selfangst med Minna. Far Severin Brandal gjekk ut med Nils Liaaen, og Jonas Fuglevik frå Ålesund deltok med Sleipner. Dette vart starten på selfangsten for Vestlandet.

Peter S. Brandal var pioneren som fortsette og utvikla den moderne selfangsten vidare, og er kjend for sin grunnleggane og nyskapande innsats for ishavsnæringa.

Okkupasjon

Peter S. Brandal var også svært opptatt av Grønlandssaka. I juni 1931 føretok norske fangstfolk ein privat okkupasjon på Nordaust-Grønland (Eirik Raudes Land), og denne okkupasjonen vart stadfesta av den ny utnemnde Bondepartiregjeringa den 10. juli. Året etter utrusta og finansierte Peter S. Brandal ein eigen okkupasjon på Søraust-Grønland. Han meinte at landet hadde mykje å by på både då og i framtida, og han ville sikre norske rettar i området.

Peter var ein sunn optimist og det seiest at han hadde ei eineståande evne til å leie og sette i gang arbeid, og også få folk til å gjere sitt beste. Han hadde stor tillit blant investorane, som ofte var forretningsfolk frå hovudstaden.

Gjennom heile si levetid la han ned all sin arbeidskraft i ishavsnæringa som han var med og forma og bygde opp frå grunnen av.

På verdsutstillinga i Kristiania i 1914 fekk han diplom og heidrande omtale for produkta sine av klippfisk og sild, og sølvmedalje for seloljen.

Klippfisk og selkjøt

Det er då heilt naturleg at det i grytene på museet denne laurdagen og søndagen vert servert klippfisk og selkjøt, i form av bacalao og selkjøtgryte.

Det er Svein Harberg, leiar i Stortingets familie- og kulturkomite, som skal stå føre den høgtidsame avdukinga laurdag kl. 15. Med i programmet er også Ulstein mannskor, Hjørungavåg Brass og ordførar Anders Riise.