Til stades i Ulstein kyrkje torsdag var sokneprest Margit Lovise Holte, kyrkjeverje Christfried Kaul og innsamlingsleiar Magne Grimstad jr, frå Osberget AS. Det var Grimstad som heldt hovudbolken av presentasjonen for pressa, men også Kaul og Holte sa nokre ord.

– Denne dagen er startskotet for aksjonen, med mål om å samle inn nok eigenkapital til å med tida få bygge ei ny arbeidskyrkje, ei meir moderne kyrkje. Ei kyrkje som skal vere midt blant folket, til bruk for folket, sa kyrkjeverje Christfried Kaul under presseseansen i Ulstein kyrkje torsdag.

Pressa og representantane for innsamlingsaksjonen måtte nytte sideinngangen for å kome seg inn i kyrkja, og Kaul forklarte at inngangspartiet no blir slipt ned, fordi det var veldig nedslite.

– Vi har hatt mange besøkande i løpet av desse 138 åra her i Ulsteinvik sentrum, og denne reparasjonen av inngangspartiet er prov på at det er behov for ei arbeidskyrkje, der vi kan ha mange av dei aktivitetane som i dag blir gjennomført i dette gamle kyrkjebygget, seier Kaul.

Eige rettsobjekt

Kyrkjeverja kunne også fortelje at kyrkja frå og med 2017 blir eit eige rettsobjekt.

– Det har kanskje ikkje så mykje å seie for oss lokalt, men kyrkja er under stadig fornying og endring. Frå Kyrkjerådet får vi beskjed om at vi skal leggje til rette for å møte ein kultur og eit samfunn i endring. Difor treng vi ei ny arbeidskyrkje.

Magne Grimstad jr. i Osberget AS er hyra inn som innsamlingsleiar.

– Det var slik kyrkja blei bygd ute på Ulstein i 1849. Den blei bygd av bygdefolket. Vi inviterer med dette folket i Ulstein til å vere kyrkjebyggarar i vår tid, sa Kaul til slutt.

– Eit levande fellesskap

Grimstad tok så over, og viste fram eksempel på andre flotte kyrkjebygg, før han kom til det ein ønskjer skal bli den nye arbeidskyrkja.

– Om nokre år, når ein snakkar om Ulsteinvik, så er håpet at ein snakkar om «Excelsior», sa Grimstad.

«Excelsior» er kyrkjekonseptet teikna av det velrenommerte arkitektfirmaet Snøhetta, som blei utpeika som vinnar av ein fagkomité.

– Hovudelementa i dette konseptet er steinen, treet og rommet. Kyrkja legg seg på utkanten av den gamle gravstaden, og har ei form som ringar i vatnet. Vi ønskjer å skape ringar i vatnet i samfunnet, positive ringar. Dette bygget blir heilt spesielt, med fundament av stein, himmelsk overlys som kjem ned gjennom denne opninga i taket, og bruk av flott trevirke, seier sokneprest Margit Lovise Holte.

– Og så er vi svært stolte over at dette konseptet er teikna av Snøhetta, seier Magne Grimstad jr.

Treng 250 gjevarar

Kva denne arbeidskyrkja vil koste veit ein ikkje enno.

– Vi håpar at vi får eit kostnadsoverslag snart. Det vi veit er at liknande bygg har ein pris vi kan gå ut ifrå, seier Grimstad jr.

Bygget vil bli på rundt 2.000 kvadratmeter, og med ein kvadratmeterpris som i forhold til eksempla Grimstad viste fram kan svinge mellom 35.000 kroner til 66.000 kroner, kan ein sjå føre seg ein pris på mellom 70 millionar kroner og rundt 130 millionar kroner. Høgst truleg vil ikkje prisen bikke 100 millionar kroner, meiner Grimstad jr.

– Målet til Ulstein sokn er å samle inn 3 millionar kroner kvart år, over 10 år. Det for å betene ei låneramme på rundt 100 millionar kroner. For å få til dette er målet å få med rundt 250 gjevarar, som gir 1.000 kroner per månad, seier Grimstad jr. og legg til:

– Dette for at kommuneøkonomien skal belastast minst mogleg. Eg trur ikkje det er realistisk at kommunen slepp unna utgifter, men vi prøvar dette for at dei skal få lågast moglege utgifter første ti åra. Dette kan vere fullt mogleg.

Byggjestart i 2018

Grimstad jr., Kaul og Holte håpar at prosessen har kome så langt allereie i 2017 at ein kan byrje å byggje i 2018, og få ferdigstilt ei ny arbeidskyrkje i 2019.

– Ei ny tid krev ei ny kyrkje. Bygget som står her er ei nesten 170 år gammal bygning, og det er no på tide at ein får på plass eit nytt og moderne kyrkjebygg i tillegg til denne. Med dette får vi ein komplett og interessant bygdeby. Ulstein sokn er eit levande fellesskap, og vi treng ei ny tenleg arbeidskyrkje for ei moderne tid, seier Magne Grimstad jr.

Dugnad

Det er også dei som ikkje meiner det ikkje bør byggjast ny arbeidskyrkje, noko sokneprest Margit Lovise Holte har respekt for.

– Det har eg sjølvsagt. Vi ønskjer uansett å bidra mest mogleg sjølve til å få til dette, vi er avhengige av eit godt samspel både med kommunen og næringslivet, men eg har trua på at dette skal vi få til, og eg føler dette er noko Ulstein-samfunnet treng, seier Holte.

Ordførar Knut Erik Engh var til stades under presentasjonen, og meiner kyrkja er reflekterte kring planane om ny arbeidskyrkje.

– Kyrkja var nok ein større del av folk sine liv den gongen denne kyrkja først blei bygd, men eg trur samstundes folk har vanskeleg for å tenkje seg eit lokalsamfunn utan ei kyrkje. Den er viktig for mange, og eg trur denne dugnaden som kyrkja legg opp til no, kan gjere at dette kan realiserast. Utan den dugnaden trur eg dette vil bli vanskeleg å få til, seier Engh.

– Ønsket er å med dette prosjektet sikre vår kulturelle arv og bakgrunn, samstundes som vi skal vere lyttande og opne for dei som ikkje tenkjer og trur det same som oss, seier Magne Grimstad jr.

Kyrkjeverje Christfried Kaul kan elles opplyse om at når ei ny arbeidskyrkje står klar til bruk, er intensjonen til Ulstein KFUK/KFUM å selje Fredheim-bygget, for så å ta sine aktivitetar over til det nye bygget.