I børsmeldinga kan ein lese at det Ulsteinvik-baserte offshorereiarlaget Island Offshore med effekt frå 14. november mellombels slepp å betale avdrag til kreditorane, men at rentene vil bli betalte.

Reiarlaget held fram arbeidet sitt som vanleg medan ein ventar på eit forhåpentlegvis godt resultat av diskusjonane med kreditorane.

Island Offshore har hyra inn Carnegie som finanielle rådgjevarar og Thommessen som juridisk rådgjevar i prosessen med å få på plass ei langsiktig løysing for reiarlaget, som ifølgje siste kvartalsresultat har over 9 milliardar kroner i gjeld.

Fleire av skipa til reiarlaget ligg i opplag, mellom anna tre i Haddal, og fleire tilsette har blitt oppsagde eller permitterte.