Ulstein verft er på lista over om lag 100 prioriterte verftslokalitetar i landet som blir følgt opp av styresmaktene for å kartlegge miljøsituasjonen og avgjere om der er behov for tiltak for å betre situasjonen.

Det har blitt påvist forureining både i sjøen utanfor verftet og på verftet sitt landområde, står det i papira frå Fylkesmannen. Noko er rydda opp i, men ikkje alt.

På eit område påviste Multiconsult tungmetall, oljeforbindingar og målingsrestar. Dette var i 2012, men det er ikkje rydda opp i. Lausmassedekket skal vere ein meter tjukt over grunnfjellet. Fylkesmannen meiner massane i dette området utgjer ein uakseptabel risiko for spreiing, og i prinsippet også for  human helse ved direkte eksponering, slik det ligg i dag. Forureininga vil lett kunne spreie seg med vind, sko, osb., skriv dei.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal pålegg verftet å utarbeide ein tiltaksplan for opprydding i forureina grunn. Eit uavhengig firma, med kompetanse innan fagfeltet, må utarbeide tiltaksplanen, som skal vere ferdig innan 30. 6. 17.

Verftet kan klage på dette vedtaket innan tre veker.