Øystein Haddal, som er bussjåfør og plassansvarleg i Nettbuss Ulsteinvik, har skrive brev til teknisk etat i Ulstein kommune om kor håplaus situasjonen er.

Han meiner busshaldeplassen i sentrum aldri skulle vore plassert der han ligg no, ved Kulturalmenningen. Haldeplassen skulle heller ha vore plassert nedanfor Ulstein legesenter.

Mykje venting

Når bussane køyrer ut frå haldeplassen, og skal inn på vegen (Sjøgata), må dei vente på at alle bilane som har forkøyrsveg skal passere. Dette kan ta fem minutt. Haddal viser til at dei har knappe rutetider for å nå hurtigbåten på Hareid.

– Det har vore eit problem spesielt om morgonen og ettermiddagen når alle skal på eller til arbeid, skriv han. Det er på same viset når det er arrangement i sentrum.

Trongt med parkeringsplass

Det er også eit problem for bussane at utkøyringa deira er innkøyring til parkeringsplass. Når dei skal køyre ut med sine 15 meter lange bussar er krysset så trongt at dei nesten kolliderer med bilane på veg ut eller inn til parkeringsplassen på Kulturalmenningen. Nokre bilførarar tar omsyn til bussane, men ikkje alle.

Trafikklys

Bussjåførane ønskjer seg trafikklys. Så kan kvar buss vere utstyrt med ein sendar som varslar trafikklyset når dei skal køyre ut. Slik har dei på rutebilstasjonen i Ålesund.

Sjåførane håpar at kommunen ser problemet og løyser det ganske så fort.

– Sak for vegvesenet

Brevet var stila til Odd Kåre Wiik på teknisk etat, men han har sendt det vidare til Statens vegvesen. – Sjøgata er fylkesveg, kommenterer han til lokalavisa.

Ute på tenestereise

Wiik sende brevet vidare til Jan-Kristian Janson i vegvesenet, for det er han som er ansvarleg for avkøyringar.

Men når Vikebladet Vestposten får tak i Janson, fortel han at han har sendt brevet vidare til John Olav Seljeseth, for han jobbar med kollektivtransport.

Det viser seg at Seljeseth er på tenestereise den dagen Vikebladet Vestposten prøver å få ta i han, og han svarer ikkje på mobiltelefon.