Tidlegare i vinter skreiv Vikebladet Vestposten om at eit nyetablert firma i Vanylven: Clean Coast AS har inngått samarbeid med Havila Shipping og Runde Miljøsenter. Dei vil nytte offshorefartøy for å effektivt samle inn plastavfall og anna miljøavfall langs kysten.

Under Stortingets Spørjetime onsdag denne veka greip Steinar Reiten (Kristeleg Folkeparti) tak i dette. Han viste til at Norges Miljøvernforbund har tatt til orde for eit storstilt prosjekt for å rydde norskekysten.

Reiten meinte det vil vere ein vinn-vinn-situasjon å få rydda opp i alt boset i havet og langs kysten, samtidig som ein fekk sysselsett båtar og mannskap som er ledige no på grunn av dei dårlege tidene for offshorenæringa.

Reiten hadde nyleg sett eit innslag på NRK Møre og Romsdal der leiinga i Havila sa at dei med enkle grep kunne gjere om båtane sine for denne jobben.

– Ser statsråden vinn-vinn-potensialet i ein slik samarbeidsmodell, der ein både får rydda opp i plastforsøplinga og skaffa oppdrag til båtar og mannskap? Vil statsråden sørgje for at tilstrekkeleg med midlar blir stilt til rådvelde for å utvide og utvikle eit slikt konsept, spurte Reiten.

Vil basere seg på frivillige

Miljøvernminister Vidar Helgesen (Høgre) svara at dei i budsjettet og budsjettforliket har auka løyvingane til opprydding.

– Men den viktigaste innsatsen som blir gjort der i dag er den enorme frivillige innsatsen som blir lagt ned i opprydding, sa Helgesen.

Han fortalde at tilskotsordninga er meir enn dobla, men han stilte seg førebels ikkje positiv til å bruke offshorebåtar. Han viste til dei årlege tokta frå fiskeridirektoratet, der fiskebåtane kan levere inn avfall dei plukkar opp i havet.

Helgesen sa at han også ser mange ulike initiativ til korleis ein kan bruke eksisterande fartøy til å bidra i denne oppryddinga. Han ville ikkje kommentere det enkelte initiativet som Reiten viste til, med Clean Coast og Havila, men meinte det er viktig at dei får litt tid til å vurdere dei ulike tiltaka. – Men det er veldig bra denne typen initiativ kjem, avslutta statsråd Helgesen.