Hanne Notøy (Ap) er bekymra for dei norske sjøfolka. Dei er ein viktig ressurs for kommunen og den maritime klynga. For å bevare ein av grunnsteinane i norsk arbeidsliv og innovasjon i det norske samfunnet, er det særs viktig at norske løns- og arbeidsvilkår skal gjelde når fartøy trafikkerer i fast rute mellom norske hamnar eller arbeider i norske farvatn og på norsk kontinentalsokkel, meiner ho. Notøy ville ha kommunestyret med på ein uttale til Storting og regjering som sa at dei ønskjer ei utgreiing om dette.

Steinar Torvik (KrF) gav Ap ros for å ta opp denne saka. Han meinte det er viktig med ei slik utgreiing som kan gje oss svar. Men dette var det ikkje alle som var samde i. Ordførar Knut Erik Engh (Frp) meinte at dette strir med havretten og internasjonale avtalar.

– Me er heilt avhengige av å ha internasjonale handelsavtalar, sa Engh og ville ikkje innføre nokon Trump-politikk.

Han meiner det er viktig å leggje til rette for at norske skip seglar under norske flagg.

Engh var redd for at om Noreg ifører slike restriksjonar, kan me i neste omgang bli møtt med liknande krav i utlandet, noko som vil gå sterkt utover sjøfartsnæringa. Han understreka at han har stor sympati for sjøfolk og framlegget, men er usamd i at dette er til det beste for norske sjøfolk.

Notøy minna om at det her var snakk om å få ei utgreiing. Om ordføraren har så stor sympati for norske sjøfolk, bør han vere med på det. Ho var forundra over at Frp ville ha ei slik utgreiing då dei var i opposisjon, men snudde etter dei kom i posisjon på tinget.

Politikarane diskutert i ein time kva som er best i denne saka. Trond Berg (KrF), syntest det var synd at dei skulle vere usamde i denne saka, og bad om gruppemøte i håp om å kome til semje. Men etter gruppemøtet var partane like usamde.

Etter framlegg frå Engh vedtok kommunestyret at dei er opptatt av at norske skip i størst mogleg grad blir bemanna med norske sjøfolk og at dei støttar regjeringa sin maritime strategi. Uttalen sa ikkje noko om at dei ønskjer ei utgreiing, eller løns- og arbeidsvilkåra til norske sjøfolk.

Uttalen i sin heilskap:

Ulstein kommunestyre er oppteken av at norske skip i størst mogleg grad vert bemanna med norske sjøfolk. Norsk maritim konkurransekraft handlar i stor grad om høg kompetanse i alle ledd og overføring av kunnskap i heile verdikjeda. Difor er det viktig å sikre mest mogleg likeverdige konkurransevilkår for norske sjøfolk og norske rederi. Nettolønnsordninga og utviding av fartsområde for NIS flagga skip er viktige verkemiddel i så måte. Likeeins må norske sjøfartsmyndigheiter jobbe for å effektivisere og harmonisere sitt tilbod slik at attraktiviteten til NOR og NIS vert styrka. Ulstein kommunestyre sluttar seg difor til dei måla og verkemidla som regjeringa sin maritime strategi legg til grunn for det vidare arbeidet med å sikre norsk maritim næring gode konkurransevilkår.

Framlegg til uttale frå Ulstein Arbeidarparti:

For å bevare ein av grunnsteinane i norsk arbeidsliv og innovasjon i det norske samfunn, er det særs viktig at norske lønns- og arbeidsvilkår skal gjelde når fartøy trafikkerer i fast rute mellom norske havner eller arbeider i norske farvatn og på norsk kontinentalsokkel. Regjeringas eige fartsområdeutvalg tilrådde i 2014 ei utgreiing om krav til norske løns og arbeidsvilkår på norsk sokkel utan at dette er fulgt opp. Vi krev at det raskast råd vert sett i gong ei slik utgreiing, for å sikre framtida for norske sjøfolk og den maritime næringa.

Etter framlegg frå Ulstein Kristeleg Folkeparti vart orda "utan at dette er fulgt opp" teke ut av framlegget.