Color Line og Ulstein Verft signerte i dag kontrakt om bygging av verdas største plug-in hybridskip. Den miljøvennlege ferja skal settast inn i trafikk på strekninga Sandefjord – Strömstad frå sommarsesongen 2019. Ulstein vann kontrakten i konkurranse med fleire andre verft.

– Det er svært gledeleg at norsk verftsindustri har vist seg internasjonalt konkurransedyktig og at Color Line bidreg til ei vidareutvikling av norsk maritim næring, seier konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line.

– Dette er ein viktig milepæl for oss, og vi ser fram til det vidare samarbeidet med Color Line, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Grøn teknologi

Color Line sin miljøstrategi pregar reiarlaget sine satsingar. Fartøyet tek i bruk nye løysingar for å redusere støy og utslepp. Ferja blir ein plug-in hybrid, der batteria vert ladda gjennom ein straumkabel med miljøvennleg straum frå landstraumanlegg i hamna eller ladda om bord frå skipsgeneratorane. Med landstraum i Sandefjord vil alle norske hamner som vert trafikkerte av Color Line ha landstraumanlegg. Skipet vil ha full batteridrift inn og ut fjorden til Sandefjord indre hamn, og skipet vil derfor ikkje gi utslepp til luft av skadelege miljøgassar eller nitrogen- og svovelforbindelsar i dette området.

Det 160 meter lange skipet, med arbeidsnamnet «Color Hybrid», kan ta med 2 000 passasjerar og 500 bilar. Det vil ha nesten dobbel kapasitet som «M/S Bohus», som etter planen skal fasast ut når den nye ferja skal verte sett i drift sommaren 2019. Skipet vil gi vesentleg auka kapasitet på strekninga mellom Noreg og Sverige, og vil representere eit utvida og forbetra servicetilbod om bord og dermed ei ny og betre reiseoppleving.

Det nye skipet vil bli bygd til norsk flagg og bli registrert i Norsk Ordinært Skipsregister (NOR). Color Line er i dag det einaste reiarlaget i den internasjonale passasjer- og godstrafikken til og frå Noreg med skip i norsk skipsregister og med norsk hovudkontor.

Den totale sysselsettingseffekten av bygginga representerer om lag 950 årsverk, i følge ei analyse utarbeidd av MENON.