Tysdag denne veka inviterte Ulstein kommune Statens vegvesen til eit møte for å diskutere trafikksituasjonen på fleire «problemområde» langs vegnettet i kommunen.

Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive om desse punkta, som er fylkesvegen i Botnen, Garneskrysset, Hasundkrysset, Rema-krysset (Glopen) og krysset i Saunesmarka.

– I samtalen med vegvesenet har vi mest av alt fokusert på tryggleiken til dei mjuke trafikantane, men også dei ulike punkta vi meiner dei bør sjå nærare på. Vi føler dei lyttar, og at dei kjem med gode vurderingar, seier ordførar Knut Erik Engh (Frp) til Vikebladet Vestposten.

Ønskjer tett dialog

Vegvesenet fortel at det blir opp til fylkeskommunen og fylkespolitikarane å løyve pengar til dei ulike prosjekta, men samstundes at vegvesenet ønskjer innspel frå kommunen og innbyggjarane kring kva dei meiner bør gjerast på vegnettet.

– Prioriteringane blir det opp til fylkespolitikarane å stemme over, medan vi er meir opptekne av den faglege diskusjonen, kva som er fornuftig. Vi ønskjer å få inn gode betraktningar kring veg og trafikk. Når vi har funne ut av kva vi meiner er viktigast å prioritere, så speler vi det inn for fylkespolitikarane, seier Ole Jan Tønnesen, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

– Kva vil det til dømes vere fornuftig å gjere i Botnen, der små barn kvar dag har ein farleg skuleveg?

– Vi ser at situasjonen der og andre stader i kommunen ikkje er haldbar, seier Tønnesen og legg til:

– Det har mellom anna vore eit innspel å setje ned fartsgrensa, men det er det ikkje grunnlag for. Men, det finnast andre enkle tiltak. Men vi ønskjer også innspel frå dei som bur der.

Statens vegvesen-representantane og Ulstein kommune er einige om at dei ønskjer å jobbe saman for å kome fram til forslag til løysingar for dei aktuelle strekningane og kryssa.

– Heilt klart, vi ønskjer ein god og tett dialog med kommunen, seier Ole Jan Tønnesen avslutningsvis.