Håkon Waage vart av Ulstein kommunestyre samrøystes vald til ny leiar i forliksrådet.

I sakspapira var han innstilt til ny formann i forliksrådet, men det ville ikkje Ottar Kaldhol (Arbeidarpartiet) vere med på. - Eg trudde ordet formann var utgått på dato, bør det ikkje heller heite leiar, undra han.

Trond Berg (Kristeleg Folkeparti) sa at dei hadde stussa på det same i valnemnda, men i forskriftene stod det at det heitte formann, og fekk støtte frå Hannelore Måseide (Venstre) som er leiar i valnemnda. Ho kritiserte statsforvaltninga med å jobbe seint, og er spent på korleis det går å innføre det tredje kjønn.

Ordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet) meinte at det sikkert gjekk bra å velje Håkon Waage til ny leiar, sjølv om det bryt med forskriftene. Så gjorde dei det.