På vegner av Ulstein Høgre foreslo Heidi Strand for Ulstein kommunestyre at kommunen bør etablere ein nyskapingapark. Det har dei gjort i Herøy, og det tenkjer dei også å gjere i Hareid. Strand meiner at også Ulstein bør få seg ein nyskapingspark. Her kan gründerar i etablerarfasen få låne kontor og møterom. Der finst sikkert offentlege midlar som kommunen kan søkje på til dette, meinte Strand.

- Eg veit det er behov for dette, sa Strand.

Ho foreslo å få inn dette tillegget i samfunnsdelen av kommuneplanen:

"Kommunen ynskjer å bidra til utvikling ved å søke fylkeskommunen om regionale utviklingsmidlar for å etablere ein nyskapingspark, som lågterskeltilbod for gründerar i kommunen."

Framlegget vart samrøystes vedteke.