Januartala frå NAV viser at Ulstein kommune no har ei arbeidsløyse på 6,1 prosent. I Hareid er arbeidsløysa på 6,3 prosent, noko som er høgst i fylket. Desse tala bekymrar Hanne Notøy i Ulstein Arbeidarparti. Før kommunestyremøtet i Ulstein sist torsdag hadde ho sendt inn ei rekkje spørsmål til ordføraren for å få svar på kva kommunen gjer.

Ordførar Knut Erik Engh kunne opplyse om at han og rådmannen har god kontakt med det lokale næringslivet. Dei siste månadene har dei besøkt 21 bedrifter. Særleg har dei følgt opp Rolls-Royce godt.

Notøy ville også vite om kommunen gjer noko aktivt for å hjelpe dei råka bedriftene som må seie opp eller permittere tilsette. Då tenkte ho på kontakt inn mot styresmaktene for hjelpetiltak.

– Kommunen har gjennom underteikna løpande kontakt med regjeringsapparat og fleire av partia på Stortinget, og spelar inn kva me meiner er viktige satsingsområde. Dette går på både tiltakspakkar, offentlege kontraktar i maritim næring, kompetanseløft, forskingsmidlar, eksportfinansiering, formuesskatt og ikkje minst tiltak for å sysselsette unge, svara Engh.

Ulstein kommune har 16 lærlingar. Frå sommaren/hausten skal UEKF ta inn ein lærling, då vil kommunen ha 2 lærlingar per tusen innbyggjar, og med det hevdar dei seg godt i fylket.

Kommunen har lærlingar innan faga helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, institusjonskokk og logistikklærling. UEKF vil ta inn ein lærling i nytt fag: byggdrift.

Ordføraren sa at dei gjerne tenkjer kreativt, og det har dei også gjort. Engh ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt å auke talet på lærlingar om det er god tilgang på kvalifiserte og motiverte søkjarar. Han sa også at det er viktig at Ulstein speler på lag med nabokommunane, noko dei gjer gjennom felles Opplæringskontor.

Notøy takka for svara. Ho meiner det er utruleg viktig å halde ungdom i aktivitet. – Me vaksne som blir permitterte eller oppsagde greier oss, men det er farleg å passivisere ungdom.

Ho sa at mange bedrifter kan tilby delmål i opplæringa til fagbrev. Kanskje dei kan få til ei løysing der ein lærling er litt på teknisk etat, litt med UEKF og litt med ein lokal røyrleggjar?

– Så langt som råd håpar eg at kommunen nyttar lokale leverandørar for å sikre arbeidsplassar i nærområdet vårt.