Trenar Sindre Eid legg ikkje skjul på at laget treng forsterkingar, og seier at to, kanskje tre nye spelarar skal inn i laget.

– Det er tydeleg at vi må styrke stallen, det ser jo alle! Vi har mange unge talent, men det er ikkje dei som skal gjere forskjellen. Dei må få tid til å utvikle seg.

På spørsmål om kven som er aktuelle, svara Eid at det er mange spelarar der ute. – Vi må finne dei rette spelarane for vårt lag, det gjeld både ferdigheiter og dei aktuelle spelarane sine krav.

– Vi må kalle ein spade for ein spade

Sindre Eid var særs skuffa etter gårsdagens stortap mot Molde.

– Vi er ikkje i nærleiken av noko som helst i dag, og Molde er rett og slett alt for gode for oss. Det er klart at det skal vere nivåforskjell på laga, men det vi presterer, er langt i frå det vi kan forvente av laget.

Eid meiner han sjølv må ta mykje av ansvaret for den svake prestasjonen, men at også spelarane må gå litt i seg sjølve.

Solskjær synes synd i Hødd

Ole Gunnar Solskjær var godt nøgd med Molde sin prestasjon mot Hødd.

– Gutane fekk ein skjennepreike etter tapet mot Bodø/Glimt på fredag. Eg må ta min del av skulda for det, ettersom eg pressa dei med hardtrening dagen før og testa ein 3-5-2 formasjon mot Glimt sin 4-3-3 formasjon. Eg gjorde det litt vanskeleg for dei, men eg er glad i å gi spelarane utfordringar, smilte Solskjær.

– Eg synes litt synd i Hødd idag. I motsetning til kampen mot Bodø/Glimt, hadde vi ei kampførebuand økt på tirsdag. I tillegg var vi tilbake i 4-3-3 og var klare for å "gå i krigen". Det seier seg sjølv at Hødd får det tøft når vi spelar så godt som vi gjer i dag, avslutta Molde-trenaren.