I slutten av januar fekk styret i Ulstein Eigedomsselskapet ei sak på bordet for å auke investeringsramme for Arena Ulstein med 27,115 millionar kroner. Ny total ramme for investeringa vil då kome opp i 295 115 000 kroner.

Styret valde å utsetje saka til meir detaljert dokumentasjon blir lagt fram. Det vart stilt spørsmål om juristar har sett på saka.

Og sidan styret i UEKF utsette saka, vart saka også utsett i formannskapet og kommunestyret.

Jobbar vidare

Rune Urke, dagleg leiar i UEKF, seier til Vikebladet Vestposten at dei jobbar vidare med saka, mellom anna med det juridiske. Planen er at saka skal vere ferdig til handsaming til kommunestyremøtet den 30. mars. Før det skal saka opp i formannskapet (23.3.), så før papira blir sendt ut 14. mars, skal UEKF ha gjennomført eit styremøte, der dei kjem med ei tilråding.

– Heile greia handlar om kva det vil koste til slutt, seier Urke. Difor jobbar dei for å få mest mogleg rette tal, og dei vil heller ta litt i, så dei får fullfinansiert prosjektet.

– Best med delentreprise

– Det har kome spørsmål frå lesarane våre om kvifor de ikkje valde totalentreprise på prosjektet?

– Ja, me har vurdert entrepriseform. Me har gode erfaringar frå å velje delentreprise frå Ulsteinhallen og nye Høddvoll. Me er brennsikre på at det har spart oss for ein del pengar, svarer Urke.

I samband med bygging av Arena Ulstein har dei vore ein del i kontakt med fylket, og deira erfaring er at totalentreprise er dyrt.

Delentreprise er gjerne betre og billegare, og gjer det mogleg å bruke ein del lokale entreprenørar.

– Me var ikkje i tvil. Totalentreprise gir mindre risiko, men vår erfaring er at det er mykje dyrare. Så det angrar eg ikkje eitt sekund på.

Kva framtida bringar av nye utgifter er vanskeleg å spå, men dei jobbar for at det ikkje skal kome nye overraskingar.

– Det kjem til å bli eit kjempeprosjekt når det er ferdig.