Onsdag 1. mars inviterer Ivar Aasen-tunet til Bok og bakverk. På menyen står bøker av Edvard Hoem, song av Mathea Lødemel og fersk bakst.

– Dette er andre gongen vi arrangerer Bok og bakverk og vi håpar å verte ein fast møtestad for dei som har høve på dagtid. Første gongen fylte publikum kafeen, og vi håpar på like mange denne gongen, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Aasen-tunet.

Denne onsdagen handlar det om Edvard Hoems krønike om Nesje-slekta og utvandringa til Amerika. Dei tre bøkene Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien og Land ingen har sett, har begeistra både lesarar og bokmeldarar. Bibliotekar Siri Beate Gjerde les og fortel, og publikum vil blant anna bli betre kjende med Knut Hansen Nesje, kona hans Serianna i Molde og den frittalande Gjertine Aas som reiser til Amerika.

The Stream-talent syng

Elevar ved musikklina ved Volda vidaregåande skule underheld med musikkinnslag på alle arrangementa i vår. Denne gongen kjem Mathea Lødemel frå Ørsta, som publikum kanskje kjenner att frå talentjakta The Stream, som gjekk på TV2 i haust.

I kafeen vil det bli sal av fersk kveitebakst og Amerika-inspirert sjokoladekake.

Fast arrangement

Bok og bakverk er eit arrangement på utvalde onsdagar framover våren, der kafeen serverer fersk bakst med aktuell litteratur og musikk til på dagtid. Neste gong, 5. april, handlar det om litteraturen til festspeldiktar Lars Mæhle.