Kersti Hasund (SV) ville vite kor store kommunen sine klimagassutslepp er no samanlikna med i 2009, og kva planar kommunen har framover for å redusere utsleppa.

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) svara at ettersom utslepp av menneskeskapt karbondioksid (CO2) bidrar mest til oppvarming av klimasystemet er det mest effektivt å gjere tiltak for å redusere utslepp av denne gassen. Ein av kjeldene til CO2 er elektrisitet (ikkje vasskraft). Difor har det vore viktig for kommunen å få ned energibruken i dei kommunale bygga.

Som eit tiltak gjennom klimaplanarbeidet deltok Ulstein i 2010–2012 i eit ENØK-prosjekt i lag med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre. Det vart sett eit mål at årleg energibruk skulle reduserast med minimum 9,1 GWh/år (ca. 15 %) i løpet av denne perioden.

Etter prosjektperioden var over viste det seg at dei til saman hadde greidd å redusere 17 %. Ulstein hadde greidd om lag 11 %, noko som svarar til 282 tonn CO2 per år.

Framover satsar kommunen på fjernvarme, fortetting av sentrum, kollektivtransport og gang- og sykkelvegar. – Alt dette vil bidra til å redusere klimautsleppa, men er vanskelegare å dokumentera, sa ordføraren.