Formann Trond Are Thomassen i Fotodilla tok kontakt med Bell Ungdomsklubb med tilbod om at ungdommane på klubben kan vere med på kurset gratis.

På kurset lærer du om korleis du skal stille inn kameraet ditt. Kurshaldar er Jens Inge Ringstad og staden er Ulstein skule onsdag 1.mars frå kl.18-21. Kurset er også gratis for medlemmar av Fotodilla.

- For påmelding sendt epost til kontakt@fotodilla.no og merk påmeldinga med Bell Ungdomsklubb. Påmeldinsgfrist er tysdag 28.februar så her er det berre å hive seg rundt og gripe sjansen, oppmodar ungdomsarbeidar Marie.