Ulstein kommune har vald ei liste med 11 kvinner og 11 menn til å vere meddommarar i Sunnmøre Tingrett, men det viser seg å vere for lite. Sunnmøre tingrett vil ha 58 meddommarar frå Ulstein, grunna nye prosentvise reglar.

Valnemnda i Ulstein skal ha møte i kveld for å finne namn til suppleringsval. Kvar representant i valnemnda skal skaffe 4 nye meddommarar til tingrette, to kvinner og to menn.

Valnemnda lagar så ei tilråding til kommunestyret basert på dei nye namna. Kommunestyret skal ha møte 30. mars.