Frå 1. august 2017 har Ulstein kommune ledig vikariat som rektor ved Ulstein skule. Vikariatet er for skuleåret 2017/2018.

Kommunen søkjer ein utviklingsorientert, kreativ, tydeleg og samlande leiar. Rektor er skulen sin pedagogiske og administrative leiar.

Kommunen krev utdanning frå universitet/høgskule og pedagogisk kompetanse. Det er ikkje lagt undervisningsplikt til stillinga.

Søknadsfristen er 20. mars 2017.

Det er Berit Brunvold som er rektor på skulen. Skulen har dette skuleåret 88 elevar og 17 tilsette.