I over 15 år har Ulstein og Hareid samarbeidd om pedagogisk psykologiske teneste (PPT). I dette samarbeidet har Ulstein vore vertskommune.

Ørsta og Volda har hatt tilsvarande samarbeid, men Volda har sagt opp samarbeidsavtalen med Ørsta. Så har Ørsta og Volda søkt om å bli med i samarbeidet til Hareid og Ulstein.

No har dei fire kommunane (Hareid, Ulstein, Ørsta og Volda) laga utkast til ein ny samarbeidsavtale for eit nytt PPT-samarbeid. I den nye avtalen står det at Ulstein skal halde fram med å vere vertskommune, også i det utvida samarbeidet.

Blir dobbelt så stort

Det nye samarbeidet vil føre med seg ei større omorganisering av noverande PPT for Ulstein og Hareid med nær ei dobbling av talet på stillingar om alle fire kommunane blir med i samarbeidet.

Det er også aktuelt at Hornindal blir med i samarbeidet.

Vedtak i kvar kommune

For at det skal bli noko av samarbeidet må kvar kommune godkjenne avtalen. Avtalen opnar også for at det kan bli noko av samarbeidet om tre av fire seier ja.

Saka skal opp i Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne i Ulstein kommune tysdag 14. mars. Deretter går saka til levekårsutvalet, formannskapet og kommunestyret.

I sakspapira heiter det at alle kommunane skal gjere endeleg vedtak innan utgangen av mars.

Vil starta alt til hausten

I sakpapira til Fellesrådet kjem det fram at dei ser for seg ein oppstart av det nye regionale kontoret alt 1. august 2017. Oppvekstsjef Gry Nordal i Ulstein kommune vurderer eit større PPT-kontor til å gi eit breiare fagmiljø. Ho ser også for seg at det kan vere aktuelt å utvide kompetansegrunnlaget på kontoret med også andre stillingar, som psykolog, vernepleiar og andre relevante yrke.

Det er ledige lokale i tilknyting til PPT-kontoret på Blåhuset. Det kan vere aktuelt å nytte desse lokala.

Avtalen er ikkje tidsavgrensa, men kan seiast opp skriftleg av kvar av partane med 1 års varsel rekna frå 1. august i oppseiingsåret.