Ulstein kommune gir Ratata As skjenkeløyve under Smak av Ulstein, som dei har søkt om Hugo Antonsen blir skjenkestyrar, Line Urke blir avløysar.

Ratata AS er eit selskap som er eigd 100 prosent av Regionavisa.

Dei får løyve til å skjenke alkoholhaldig drikke i gruppe 1 og 2 (øl og vin) i festivalteltet på Kulturallmenningen fredag 9. juni og laurdag 10. juni frå klokka fire på ettermiddagen til to på natta. Skjenketida for utearealet blir fram til midnatt.