I februar i år godkjende teknisk utval i Ulstein ei mindre endring av detaljregulering skuleområdet-Ulsteinvik sentrum, Kyrkjegata-Legane for gnr 7 bnr 214. Grunneigar ønskte løyve til å oppføre tre bustader på tomta i staden for to. Han ville gå frå frittliggande bustader til konsentrerte bustader.

Men Møre og Romsdal fylkeskommune har klaga på vedtaket av omsyn til born og unge sine interesser. Det blir med ikkje tilstrekkeleg utomhusareal for born og unge, meiner fylket.

Ein glipp

Møre og Romsdal fylkeskommune hadde sendt inn dette innspelet til kommunen før dei gjorde vedtak, men på grunn av ein glipp har ikkje administrasjonen motteke denne merknaden.

Etter ei ny vurdering kjem kommuneadministrasjonen fram til at dei er samde med fylket i at der ikkje blir nok tilrettelagt for born og unge med uteopphaldsrom på tomte. Dei legg no saka fram på ny til teknisk utval og ber dei gjere om på vedtaket, frå tre til to bustader på tomta.

Saka skal opp i teknisk utval torsdag 16. mars.