I Vikebladet Vestposten i går står det at Ulstein sokn får overført 4 889 772 kroner frå Ulstein kommune.

Det stemmer, men Kaul presiserer at 914 397 av desse kronene er sett av til å drive gravferdsforvaltning som ei offentleg teneste for alle innbyggjarane i Ulstein kommune. Difor er ikkje desse pengane med i berekninga for tilskot kommunen gir til andre trussamfunn.

Ulstein sokn har altså fått 3 975 375 kroner som tilskot til kyrkja lokalt. Delt på 6539 medlemer blir det 605 kroner for kvar medlem.

Til samanlikning fekk soknet 601 kr for kvart medlem i 2015.

- Dette er ein vekst samanlikna med året før på 1,1 prosent. Tar ein høgde for lønns- og prisutvikling er tildelinga til Ulstein sokn slik at ein i praksis har hatt trongare rammer i 2016 samanlikna med 2015, kommenterer Kaul.

I tillegg får soknet overført pengar frå staten.