Det har lenge vore sagt at Ulsteinvik barneskule er for liten. I fjor fekk kommunen laga seg ein skulebruksplan, der dei kartla situasjonen på kvar skule. Det vart då konkludert at noko må gjerast med Ulsteinvik barneskule. Skulen er for liten etter dagens elevtal. Og folketalet i kommunen og sentrum vil mest truleg også vekse framover.

– Dagens skule er ikkje tilpassa til å drive skule slik det blir gjort i dag, sa kommunalsjef Gry Nordal då ho orienterte fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne tysdag denne veka. Onsdag informerte ho levekårsutvalet.

I tillegg til at skulen er for liten, viste ho til at undervisingsmetodane har endra seg, og med det trengst også eit anna bygg.

Ho vil byggje ein moderne og framtidsretta skule som held for nokre år. Difor er det viktig å planlegge dette skikkeleg.

Det kan vere aktuelt å få planane kvalitetssikra med konsulentfirmaet som utførte kartlegginga av skulane.

Det er sett ned ei prosjektgruppe som jobbar med dette. I tillegg til kommunalsjefen er Rune Urke (dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap) og rektor ved skulen, Kjell Lunde, med. Og rådmann Verner Larsen er også med i arbeidet.

– Skulen var for liten då han vart bygt

Nordal vart møtt med stor forståing og velvilje i fellesrådet for at noko må gjerast.

– Skulen var for liten alt då han stod ferdig, sa Inger Marie Kleiven.

Og sidan skulen har vore for liten, har slitasjen på skulen vore større enn han elles ville ha vore. Grupperomma er for små og få. Og etter at skulen stod ferdig har kravet til arbeidsplassar til lærarane kome.

Det var stilt spørsmål om der er plass til å byggje?

Jau, det meinte Nordal at der er. Dei diskuterer om dei kanskje skal ha to bygg. Eitt for første til og med tredje klasse, der også skulefritidsordninga heldt til.

– Brakkeriggen skal vekk, sa Nordal. Og når Arena Ulstein står ferdig, kan det vere aktuelt å rive bygget med symjehall og gymsal som står mellom barneskulen og ungdomsskulen.

Bypark

Gry Nordal sa at det på ungdomsskulen og Ulsteinvik barneskule går over 800 elevar. Skuleelevane treng også ute-areal. Ho snakka om at området frå Arena Ulstein og opp til ungdomsskulen kan etablerast som ein bypark, så der både er kjekt å vere for skuleelevar i skuletida og for andre utanom.

– Kort levetid

Roar Øvrebøe stussa over at det vart sagt at skulen var ueigna til undervisning. – Det er økonomisk uforsvarleg at ein skule har så kort levetid. Er det same konsulentane kommunen skal bruke på ny?

Til det svara Nordal at måten å drive skule på er veldig ulik no enn for til dømes tjue år sidan. – De ville knapt kjent dykk igjen, om de kom på skulen, hevda Nordal.

Dessutan har folketalet auka stort. Der er veldig trongt på skulen, og ikkje ledig rom å oppdrive. Det er oppimot 28 elevar i kvar klasse, så der er trongt.

– Huset er brukbart, men alt for trongt, konkluderte ho.

– Skund dykk å byggje før desse planane også blir umoderne, var oppmodinga frå Janlaug Dimmen.

På forprosjektstadiet

På spørsmål frå Vikebladet Vestposten om det er nokon tidsplan for når utbygginga vil skje, svara Nordal at det førebels er på forprosjektstadiet. For å få utbygginga realisert, må det politisk vedtak til i økonomiplansamanheng.

Førebels veit dei ikkje korleis bygget fysisk blir plassert.