Botnen forstår om nokon er skeptiske til å plassere rusbustader så nært omsorgsbustadene på Ulshaugen, men det er ein fordel å få desse bustadene knytt til ein omsorgsbase.

– Dette er nokre av våre mest omsorgstrengande, minner ho om og håpar at det ikkje tar så veldig lang tid før kommunen får bygt bustadene. Det hastar. Men førebels er ikkje noko bestemt politisk, det har berre blitt orientert om.

Ho har tru på modellen og støttar seg til SINTEF og Melhus kommune. Modellen er prøvd ut og anbefalt.

Kommunen vil nøye vurdere kven som skal bu i bustadene.