Ulstein kommune har kontakte Kystverket om ei eventuelt avhending av Ulstein fiskerihavn til kommunen.

Kystverket var i utgangspunktet positive, men kontakta Fiskeridirektoratet og lokale fiskarar før dei tok ei avgjerd. Dei skal ha gitt ei klar tilbakemelding på at fiskerihavna også i framtida bør bestå som ei statleg fiskerihavn. Det er fleire lokale fiskarar lokalt, og aktiviteten skal også ha tatt seg opp.

Sal må opp i departementet

Kystverket skriv i brev til Ulstein kommune at dei normalt ikkje vil avhende aktive fiskerihavner. Dei har eit oppdrag frå departementet om å selje statlege fiskerihavner, men berre havner utan fiskeriaktivitet.

- Denne havna faller derfor utenfor dette oppdraget og et eventuelt salg må derfor spesifikt godkjennes av departementet, skriv Kystverket.

Kan kalle inn til møte

Men Kystverket skriv at om ein legg tilstrekkeleg klare føringar for vidare forvaltning av fiskerihavna, er det mogleg å avhende kaia. Dersom kommunen ønskje rå overta havna, kan dei kalle inn til eit felles møte med kommunen, fiskeridirektoratet, fiskarlag og Kystverket for å diskutere saka.