Sjølv er han sjømann i Solstad Offshore, men er snar med å presisere at dette gjeld alle sjøfolk, uavhengig av reiarlag. Han er med i ei Facebook-gruppe som heiter «Vi som vil at alle norske sjøfolk skal være med inn i fremtiden». Gruppa vart starta av Jan Nilsen i Fosnavåg og tel snart 14 500 medlemer. Og truleg vil dei bli fleire

– Eg er så oppgitt over tankegangen til Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Det var dei som stod i vegen for å få eit slikt vedtak i Ulstein, seier Lennart Aambø som bur i Eiksund.

– Er du skuffa over vedtaket i Ulstein kommunestyre tidlegare i vinter, der det ikkje vart fleirtal for framlegget frå Hanne Notøy (Arbeidarpartiet) om konsekvensutgreiing av norske lønningar for norske sjøfolk?

– Ja, det vart eg. Eg hadde håpt på betre respons derifrå, svarer Aambø.

Han er ikkje samd med dei som hevdar det her er snakk om proteksjonisme.

– Nei, då bør dei slå opp i ordboka og lese kva proteksjonisme er. Hadde det vore snakk om at det berre skulle vere norsk mannskap på båtane ville det vore det. Men her er det snakk om at me skal få norske lønningar. Då vil alle stille på like vilkår, meiner Aambø.

Sjøfolk er viktige

Han viser til at også Gunvor Ulstein har sagt at norske sjøfolk er viktige for det den maritime klynga. Det blir ikkje det same utan kompetansen til norske sjøfolk.

Snakk om ei konsekvensutgreiing

Og i første omgang er det her snakk om å be Stortinget om ei konsekvensutgreiing. Det meiner Aambø at også Høgre og Framstegspartiet bør kunne vere med på.

Etter initiativ frå Bernt Brandal i Folkelista vedtok Hareid kommunestyre samrøystes ein uttale som sa at det er særs viktig at norske løns- og arbeidsvilkår skal gjelde når fartøy trafikkerer i fast rute mellom norske hamner, eller arbeider i norske farvatn og på norsk kontinentalsokkel. Dei viste til at Regjeringa sitt eige fartsområdeutval i 2014 tilrådde ei utgreiing om krav til norske løns- og arbeidsvilkår på norsk sokkel utan at det er følgt opp. Hareid kommunestyre krev at det blir sett fortgang i denne utgreiinga for å sikre framtida for den norske maritime næringa. Uttalen blir sendt til både Regjering og Storting.

– Ei konsekvensutgreiing er det minste ein kan krevje. Det er rart Ulstein kommune ikkje kan stille seg bak det, seier Aambø.

Framstegspartiet sentralt har snudd i denne saka. Medan dei tidlegare ville ha ei konsekvensutgreiing, røysta dei imot då saka var oppe i Stortinget i fjor.

Men Aambø seier at Frp i Møre og Romsdal ikkje er samd med partiet sentralt. Og stortingsrepresentant Oskar Grimstad var med på vedtaket i Hareid kommunestyre torsdagskvelden. Aambø synest Frp i Ulstein kan høyre meir på Oskar Grimstad i denne saka.

Kommunestyra i Herøy, Sande og Vanylven har også gjort liknande vedtak som vedtaket i Hareid kommunestyre torsdagskvelden.

Vil få få røyster neste år

– Framstegspartiet likar å framstille seg sjølve som sjøfolk sitt parti, men det er det ikkje. Eg høyrer med andre sjømenn rundt meg, og eg høyrer få som vil røyste på Framstegspartiet neste val, seier Lennart Aambø.

Han meiner at det er Senterpartiet som har tala saka deira tydelegast. Sjøfolka set pris på støtta dei får derifrå.

No håpar han at kommunestyra i Ørsta og Volda også vil be om konsekvensutgreiing.