Fartøyet får snurpe- og snurrevadfiske og trålgalge. Fartøyet blir designa med 6 RSW-tankar, der to av dei blir rigga for levande fisk og i tillegg fryseisolert. I tillegg skal båten riggast med sug frå not og på hovuddekk blir det montert fabrikk for behandling av kvitfisk.

Kontrakt til Larsnes Mek Verksted As

Har skrive kontrakt med Hovden Senior AS.

Larsnes Mek Verksted har skrive kontrakt med Hovden Senior AS om ein ny Hovden Viking som blir bygg nr. 61 på verftet.

Nye Hovden Viking er nybygg nr. 3 til same reiarlag med levering av første Hovden Senior i juni 1996, Hovden Viking i januar 2007 og levering av nye Hovden Viking medio 2018.

Skroget skal byggjast i Gdansk i Polen.

Fartøyet er designa og utvikla av Rolls-Royce Marine As som også skal levere ein god del av hovudutstyret. I tillegg vil det bli utstyr frå mange lokale leverandørar i nærområdet.

Utstyrt for 12 personar

Fartøyet blir 46 meter langt og 12 meter breitt. Båten blir rigga for snurpe- og snurrevadfiske. Det blir også ein trålgalge for seinare moglegheit for tråling.

Båten blir innreia for 12 personar i fire enkeltmannslugarar og 4 tomannslugarar.

Blir lest no
 
Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre