Ulstein kommune har tidlegare inngått intensjonsavtale med Rome AS om kjøp av selskapet Bilservice As Ulsteinvik i Bjørndalsvegen 2. Planen var at kommunen skulle kjøpe parkeringsareal på grunnplan i prosjektet til Rome AS.

Rome AS planlegg å byggje bustader, parkeringsanlegg og park på dette området. Delar av området er kommunal grunn.

I arbeidet med prosjektet var det lagt til grunn at arealet i Bjørndalsvegen 2 skulle byggjast ut med offentlege parkeringsplassar på grunnplanet mot Bjørdalsvegen og at Rome As skulle utvikle resten av eigedomen. Vidare var det intensjonen at kommunen skulle stå som utbyggar av parkeringsseksjonen eventuelt som kjøpar av arealet.

Ikkje i tråd med regelverket

Ulstein kommune ville få vurdert desse alternative opp mot regelverket om offentlege anskaffelsar. KS-advokatane har sett på saka og kome til at dette er i strid med regelverket. Både eit eventluelt kommunalt kjøp av parkeringsarealet og alternativet der kommunen står som utbyggar vil vere i strid med lov om offentleg anskaffingar, står det i sakspapira til Ulstein kommunestyre. Saka skal opp der førstkomande torsdag (30. mars).

Grunnen er at slike saker må ut på offentleg anbod, og har her kommunen gjort avtale med ein utbyggar utan anbod.

Advokaten vurder at kommunen ikkje kan argumentere med at her berre er ein alternativ leverandør, for det er kommunen som har sett seg i ein slik situasjon at der berre er ein tilbydar.

Kan leige

Kommunen kan ikkje kjøpe, men leige parkeringsarealet. Då kan utbyggar gjennomføre utbygginga og leige ut til kommunen på avtalte vilkår.

Framlegg til leigeavtale ligg ved sakspapira, men er unnateke offentleg innsyn, og med det presse. Avtalen er førebels ikkje godkjend av alle partar.

Vurdere sal av tomt

Rådmannen skriv vidare til kommunestyret at det må gjerast ein avtale for det kommunale arealet på naboeigedomen. Arealet er omfatta av intensjonsavtalen med Rome As. Det kan vere at endringa frå kommunalt eigd parkeringshus til leigeavtale med Rome As gjer at Ulstein kommune må vurdere sal av den kommunale grunnen, eller inngå ein avtale om dispensasjonsrett eller bruksrett.

- Føresetnadene som at det skal byggjast parkeringshus under og park over desse slik det går fram av reguleringsplanen ligg fast, skriv rådmann Verner Larsen.

Rådmannen og formannskapet rår til at ordføraren får mynde til å godkjenne avtalar om sal av arealet eller avtalar om dispensasjonsrett eller rett til utbygging på arealet dersom det er naudsynt.