Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven har gått saman og om å lage ein felles kystsoneplan. Kommunane ahr tidlegare gjort vedtak som signaliserer at ein ønskjer eit slikt interkommunalt samarbeid. Men dei treng no vedtak for å støtte opp arbeidet formelt.

Herøy har på vegner av det interkommunale samarbeidet søkt Møre og Romsdal fylke om støtte til prosjektet. Dei har fått 600 000 kr til dette arbeidet som er tenkt skal gå over to år. Kostnadsramme for prosjektet ligg på 1,32 millionar kroner, så kommunane må også sjølve vere med å betale ein del (144 000 kr på kvar kommune).

Ulstein formannskap gjekk samrøystes inn for å starte opp det interkommunale samarbeidet.

Herøy kommune skal vere vertskommune for prosjektet. Prosjektleiar skal ha kontor ved Runde Miljøsenter.

Saka skal opp til endeleg vedtak i Ulstein kommunestyre torsdag 30. mars.