Selen, ein ressurs. Inspirert av dokumentaren «Ishavsblod», som no går på Sjøborg, og som alle som er interessert i arktisk natur og selfangst bør sjå, vil eg i dag framsnakke selfangsten. I år er det 10 år sidan den siste fangstskuta la ut frå Brandal og Sunnmøre med kurs mot Vesterisen. I år blir det berre ei skute som skal ut på dette fangstfeltet i april; «Havsel» frå Alta med skipper Bjørne Kvernmo. Om bord er også Espen Brandal, som alt er å rekne som ishavsveteran, og Christoffer Nesset. Begge 29 år og frå Hareid. I 2015 var det null statleg støtte til selfangstskuter. I fjor var støtta på 1. mill. kroner, og i år er ho på vel 2 mill. Kvota dei siste åra har lege på om lag 25.000 dyr, men det har vore fangsta berre ca. 2.000 dyr. Fødselsoverskotet i Vesterisen er på om lag 250.000 sel i året. Kvota er altså på 10 prosent av fødselsoverskotet, og fangsten på under 10 prosent av kvota. Held dette fram, kan det fort bli selinvasjon langs kystlinja vår. Arnfinn Karlsen, som har bygt opp eit moderne mottakasapparat i Tjørvåg, kan ha rett i at det må bli slutt på statsstøtte til selfangstskutene. Men det er det ikkje alle som er samde i. Skipper Bjørne Kvernmo gjekk i Vesterisen eitt år utan statsstøtte, og tapte millionar. Han har uttalt at han aldri gjer det igjen.

Skal selfangstnæringa ha ei framtid, må det leggjast til rette for at reiarar kan satse på å byggje større og meir moderne ishavsskuter - skuter som kan fangste meir enn 2.000 dyr dei vekene dei baskar i Vesterisen. Men det hastar. Selbestanden veks og selfangarane døyr ut. Å legge ut på fangsttur til Vesterisen utan kunnskap om fangst- og isforhold er farleg. Derfor er det viktig at karar som Espen Brandal og Christoffer Nesset går om bord og lærer av røynde fangstfolk. Og så gjeld det å halde fast på at selen er ein ressurs som menneska bør utnytte.