Seremoniane har tidlegare vore i Molde. I år er interessa for å vere med så stor, at fylkesmannen vel å ha to seremoniar, skriv NRK Møre og Romsdal.  22. april på Sjøborg i Ulsteinvik, 20. mai er det seremoni i Molde.

- Det er veldig kjekt at det skal vere i Ulsteinvik. Det er lettare både for dei som skal få statsborgarskap og for oss som skal bruke ein laurdag på å vere med, seier ordførar i Hareid, Anders Riise.  Riise har vore med på seremoniane i Molde fleire gongar før.

Frivilleg festdag

Ifølgje fylkesmannen sine nettsider er seremonien ein festdag. Målet er å ønskje nye statsborgarar velkomne og markere at dei vert tekne opp i det norske fellesskapet. Alle nye statsborgarar som har fylt tolv år er inviterte og det er frivilleg å delta.

Fagsjef i administrasjonsstaben hos fylkesmannen, Synnøve Ulleland, fortel at det kjem nye statsborgarar frå tretten av dei sytten sunnmørskommunane til seremonien på hotellet i Ulsteinvik.

- Vi inviterte 268 personar, 113 har takka ja, seier Ulleland.

Dei nye statsborgarane får lov til å ta med seg to gjester kvar. Med fylkesmann Lodve Solholm, ordførarar og arrangørkorpset kjem det til å vere rundt 300 menneske på seremonien for Sunnmøre.

– Då eg starta som fylkesmann hadde vi ein oppmøteprosent på rundt 23. No er den over 40. Det betyr at våre landsmenn set stor pris på denne seremonien, seier fylkesmann Lodve Solholm til NRK.

Les også: statsborgarseremoni i 2011

Engh er gjestetalar

For ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh, vert seremonien i Ulsteinvik hans første statsborgarseremoni.  Han skal vere gjestetalar under arrangementet.

- Mi oppgåve er å gjere litt stas på dei som deltek, fortel Engh.

Til saman er det ti nye statsborgarar frå Hareidlandet som skal delta.

I tillegg til talen frå Engh vert det kulturinnslag og mat.

Les også: statsborgarseremoni i 2013

Knut Erik Engh (Frp), ordførar i Ulstein. Foto: Ulstein kommune